Spør bebuarar og pårørande om kvaliteten på tenestene

Korleis vurderer bebuarane og dei pårørande pleie- og omsorgstenestene våre? Det undersøker vi i desse dagar.

ei eldre og ei yngre kvinne - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Det er viktig for oss å heile tida utvikle tilbodet til dei som bur på sjukeheimane og i omsorgsbustadane våre. Og då treng vi å vite korleis bebuarane og dei pårørande opplever kvaliteten på tenestene.

Derfor gjennomfører vi no to undersøkingar:

  • Pårørande ved Herøy omsorgssenter, Myrvåg omsorgssenter og Eggesbøtun får tilsendt ei pårørandeundersøking.
  • Bebuarar blir intervjua av personar som ikkje er direkte knytt til pleie- og omsorgstenesta. Bebuarane ved Myrvåg seksjon B og Herøy omsorgssenter seksjon blå deltar ikkje i undersøkinga.

Har du spørsmål om undersøkingane? Ta gjerne kontakt med Camilla Kvalsvik Aksnes, fagkonsulent i pleie og omsorg, på telefon 99 22 99 82.

Takk for hjelpa til alle som er med og svarar!