Statsforvaltaren tilrår innmelding av Herøy kommune i ROBEK-registeret

Kommunedirektøren opplyser at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i dag har varsla kommunen at dei vil innstille til departementet at Herøy kommune blir meldt inn i ROBEK-registeret (Register for betinga godkjenning og kontroll).

ROBEK står for Register for betinga godkjenning og kontroll. Det er eit statleg register over kommunar og fylkeskommunar som ikkje oppfyller bestemte økonomiske krav i kommunelova. Kommunar i registeret må ha godkjenning frå Statsforvaltaren før dei kan ta opp lån eller inngå avtalar som medfører framtidige økonomiske forpliktingar.

Kvifor tilrår Statsforvaltaren at Herøy kommune blir meldt inn?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilrår at Herøy kommune blir meldt inn i ROBEK fordi kommunen i 2023 og 2024 hadde eit akkumulert meirforbruk som overstig det som er tillate etter kommunelova. Kommunen fekk melding om dette frå Statsforvaltaren i dag, måndag 22.  september, etter at dei var ferdig med kontroll av kommunen sin rekneskap som vart godkjend av kommunestyret i juni.

Ifølgje § 28-1 i kommunelova skal ein kommune meldast inn i ROBEK-registeret dersom det oppsamla meirforbruket frå driftsrekneskapen er større enn tre prosent av driftsinntektene. For Herøy kommune er det samla meirforbruket for 2023 og 2024 på 28,9 millionar kroner. Det utgjer 3,11 % av kommunen sine driftsinntekter for 2024.

Dette gjer at vi fell inn under bokstav d i lovparagrafen, og det er difor Statsforvaltaren no tilrår at Herøy kommune blir meldt inn i ROBEK.

I Herøy kommune sin driftsrekneskap for 2024 utgiftsførte ein i overkant av 13,0 millionar kroner meir i avdrag enn reglane kring minsteavdragsprinsippet tilseier.  Dette skuldast at ein nedbetalte gjeld tilsvarande heile salssummen frå Tussa-aksjane i investeringsrekneskapen.  Det gjorde at ein ved avsluttinga av invetseringsrekneskapen for 2024 mangla finansiering på i overkant av 11,60 millioner kroner, som etter regelverket må finansierast over driftsrekneskapen.  Dermed fekk ein eit meirforbruk i drifta på vel 7,5 millionar kroner i staden for eit mindreforbruk på vel 4,1 millionar kroner.  

Kva betyr dette i praksis?

Å vere i ROBEK-registeret betyr at kommunen får redusert økonomisk fridom. Kommunen må mellom anna:

  • Ha statleg godkjenning på låneopptak og avtaler som vil kunne føre til langsiktige utgifter.
  • Dekke inn heile det akkumulerte meirforbruket (28,9) millionar kroner før ein igjen kan meldast ut av ROBEK registeret.