Stenging av Sæviktunnelen onsdag 27. mai

Sæviktunnelen vert stengd onsdag 27. mai frå kl.18.00 til 21.00.

Liten brannbil med blålys i tunnel - Klikk for stort bilete Herøy Brann og redning

Årsaka til stenginga er brannøving i tunnelen. Øvinga blir gjennomført for å vere betre førebudd dersom ei hending skulle oppstå.

Det vil ikkje vere mogleg med omkøyring i tidsrommet tunnelen er stengd.

Vi ber trafikantar vere merksame på at det kan vere utrykkingskøyretøy i området, og at det kan vere synleg røyk frå tunnelen under øvinga.

Øvinga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Herøy brann og redning.

Vi takkar for forståinga.

Vei og bil med blålys - Klikk for stort bilete Herøy brann og redning