Ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy (i midten) saman med representantar frå saniteten og Sørøyane Røde Kors Hjelpekors
Silje S. Mork / Herøy kommune
Tema i år er «Dersom mobilnett og internett ikkje verkar». Gjennom samtalar, presentasjonar og praktiske døme fekk innbyggjarane både råd om eigenberedskap og innblikk i korleis kommunen og frivillige beredskapsaktørar samarbeider når uønskte hendingar oppstår.
Kva skjer når nettet blir borte?
På Herøy folkebibliotek måndag 26.oktober orienterte kommunedirektør og beredskapsleiar Trond Arne Rossi Aglen om kommunen sitt beredskapsarbeid.
Han fortalde om korleis Herøy kommune arbeider med førebygging, beredskap og krisehandtering, og kva rolle kommunen har dersom større hendingar råkar lokalsamfunnet.
Eit viktig tema var kva innbyggjarane kan gjere dersom mobilnett og internett fell bort over lengre tid.
Deltakarane fekk også informasjon om kommunen sine informasjonspunkt. Desse kan takast i bruk dersom digitale kommunikasjonskanalar ikkje er tilgjengelege, slik at innbyggjarane framleis kan få viktig og påliteleg informasjon.
Etter presentasjonen vart det opna for spørsmål frå salen.Fleire nytta høvet til å spørje om både kommunen sitt beredskapsarbeid og korleis ein best kan førebu seg på ulike krisesituasjonar.
Sjå bileta frå arrangementet i bildekarusellen under.
Interesse for Sivilforsvaret si rolle
Brandal frå Sivilforsvaret heldt deretter ei orientering om korleis Sivilforsvaret arbeider, og kva ressursar dei kan stille med når samfunnet blir utfordra.
Mange av dei frammøtte gav uttrykk for at orienteringa var både nyttig og interessant og dessutan gav dei større innsikt i Sivilforsvaret si rolle i den norske totalberedskapen.
For mange vart innlegget også ei påminning om kor mange aktørar som samarbeider for å handtere kriser og hjelpe befolkninga dersom alvorlege hendingar oppstår.
Viste fram kva som bør vere i beredskapslagere
Herøy Sanitetsforeining viste fram ei beredskapskasse med utstyr og forsyningar som kan vere nyttige dersom straumen går, eller når samfunnet ikkje fungerer som normalt i ein periode.
Utstillinga inneheldt mellom anna mat, gasskoketopp, gassomn, ullteppe, brannteppe, brannskum, lommelykt, medisinsk utstyr og hygieneartiklar.
Den praktiske utstillinga gjorde det lettare å sjå kva eigenberedskap faktisk handlar om i kvardagen.
For mange er beredskap noko som kan verke abstrakt. Ved å vise fram konkrete døme på utstyr og løysingar, fekk besøkjande sjå at enkle førebuingar kan gjere ein stor forskjell dersom ei uforutsett hending skulle oppstå.
Møtte innbyggjarane på Svingen
Tysdag 27. oktober flytta kommunen beredskapsarbeidet ut blant folk.
På "Svingen" møtte representantar frå Røde Kors, ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy, beredskapskontakt Silje S. Mork og Herøy Sanitetsforeining innbyggjarar til samtalar om eigenberedskap.Her vart det vist fram eit beredskapslager, samtidig som dei som kom innom fekk informasjon, brosjyrar og høve til å stille spørsmål.
Fleire stoppa opp for ein prat om korleis dei kan vere betre førebudde dersom straum, mobilnett eller internett blir borte.
Det vart også informert om kommunen sine to informasjonspunkt:
- Herøy rådhus
- Myrvåg omsorgssenter
Dersom ordinære kommunikasjonskanalar fell bort over tid, kan desse to stadene bli viktige møtepunkt for informasjon til innbyggjarane.
Beredskap byggjer vi saman
God beredskap handlar om meir enn utstyr og forsyningar. Det handlar også om kunnskap, førebuing og å vite kvar ein kan få hjelp og informasjon når noko uventa skjer.
Gjennom Eigenberedskapsveka ønskjer Herøy kommune å gjere innbyggjarane tryggare og betre rusta til å handtere både små og store kriser.
Når fleire er førebudde, står også lokalsamfunnet sterkare.
Eigenberedskapsveka held fram ut veka. Fredag 30.oktober blir det ny informasjonsstand frå klokka 12-14 ved Meny Fosnavåg, der innbyggjarar kan få råd om eigenberedskap og informasjon om kommunen sine informasjonspunkt.