Stor interesse for framtidas omsorgssenter i Herøy

Omtrent 100 innbyggjarar møtte opp då Herøy kommune inviterte til ope folkemøte og idéverkstad om framtidas omsorgssenter i Fosnavåg konserthus måndag 8. september.

Møtet markerte starten på ein viktig medverknadsprosess der innbyggjarane får vere med og forme framtidas helse- og omsorgstilbod i kommunen. Gjennom kvelden fekk deltakarane dele tankar, erfaringar og ønskje for det framtidige omsorgssenteret.

Alle innspel er verdifulle

Ann- Kathrin (Tine) Storøy - Klikk for stort bileteAnn- Kathrin (Tine) Storøy Silje S. Mork / Herøy kommune

Ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy ønskte velkomen til møtet og understreka kor viktig medverknad frå innbyggjarane er i arbeidet som no er i gang.

– Framtidas omsorgssenter er viktig for alle oss som bur i Herøy. Det beste resultatet får vi når innbyggjarar, tilsette, brukarar og kommunen arbeider saman. Alle innspel som kjem fram i denne prosessen er verdifulle, sa Storøy.

Ho takka både kommunestyret for prioriteringa av prosjektet og administrasjonen som no arbeider med planlegginga. Samstundes uttrykte ho glede over det store oppmøtet og engasjementet frå innbyggjarane.

Skal samle kunnskap frå heile kommunen

Prosessleiarane Beate Aske Løtveit og Frode Veåsen Karlsen frå Acron orienterte om arbeidet som er gjennomført.I bakgrunnen kan ein sjå alle innspela som kom inn i Padlet.   - Klikk for stort bileteProsessleiarane Beate Aske Løtveit og Frode Veåsen Karlsen frå Acron orienterte om arbeidet som er gjennomført. I bakgrunnen kan ein sjå alle innspela som kom inn i Padlet. Silje S. Mork / Herøy kommune

Prosessleiarane Beate Aske Løtveit og Frode Veåsen Karlsen frå Acron orienterte om arbeidet som er gjennomført så langt og planane for den vidare prosessen.

Acron har sidan før sommaren vore på synfaring ved fleire av kommunen sine helse- og omsorgsbygg og gjennomført møte med ei rekkje fagmiljø, tilsette og brukarar.

– Vi er framleis heilt i starten av prosjektet. Dette er tidspunktet der påverknadskrafta er størst. Vi ønskjer først å forstå behova og moglegheitene før vi begynner å diskutere konkrete løysingar, forklarte Løtveit.

Karlsen fortalde at dei allereie har gjennomført medverknadsmøte med meir enn 100 personar frå ulike delar av tenestene.

– Med det store oppmøtet på folkemøtet har vi no fått innspel frå fleire hundre menneske. Det gir eit solid grunnlag for det vidare arbeidet, sa han. 

Store utfordringar krev nye løysingar

Folkemøte i Fosnavåg konserthus - Klikk for stort bileteFolkemøte i Fosnavåg konserthus Silje S. Mork / Herøy kommune

Gjennom presentasjonane peika Acron på fleire utviklingstrekk som vil påverke framtidas helse- og omsorgstenester.

Fleire lever lenger og talet på eldre aukar, samstundes som det blir færre personar i yrkesaktiv alder. Dette gjer at kommunane må planleggje for framtidige behov både når det gjeld kapasitet, økonomi og tilgang på arbeidskraft.

Eit viktig mål med det nye omsorgssenteret er derfor å utvikle løysingar som gir gode tenester og samtidig legg til rette for effektiv drift og best mogleg bruk av fagkompetansen.

Acron viste også til erfaringar frå dagens bygg, der mykje tid går med til transport mellom ulike bygg og funksjonar. Ei betre samlokalisering kan bidra til meir samarbeid på tvers av tenestene og betre ressursutnytting.

 

Stort engasjement blandt dei som hadde møtt opp til folkemøte - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Herøy kommune

Mange innspel frå innbyggjarane

Etter innleiingane fekk deltakarane høve til å registrere innspel gjennom den digitale løysinga Padlet.

Her kom det fram ei rekkje forslag og synspunkt knytte til mellom anna:

  1. kapasitet og tal på omsorgsplassar
  2. aktivitetstilbod og møteplassar
  3. gode uteområde
  4. tilgjenge for besøkande
  5. lokalisering av omsorgssenteret
  6. framtidige arbeidsforhold for tilsette
  7. fleksible løysingar for ulike brukargrupper

Innspela blir no samla, systematiserte og vurderte som ein del av behovsanalysen for prosjektet.

 

Her kan du legge inn dine innspel i Padlet:  

 QR-Kode til padlet der du kan gi dine innspel: 

QR-kode. Her kan du gje dine innspel - Klikk for stort bileteQR-kode Acron Prosessleiar Beate Aske Løtveit snakkar med nokre av dei som har møtt på folkemøtet. - Klikk for stort bileteProsessleiar Beate Aske Løtveit snakkar med nokre av dei som har møtt på folkemøtet. Silje S. Mork / Herøy kommune

Lang prosess før endelege avgjerder

Kommunen er framleis i ein tidleg fase av planlegginga. Det er enno ikkje avgjort kor omsorgssenteret skal liggje, eller kva funksjonar som skal samlast i bygget.

I den vidare prosessen skal prosjektgruppa arbeide vidare med behovsanalyse, mål og krav til framtidas omsorgstenester. Både brukarar, pårørande, tilsette og innbyggjarar vil bli inviterte til å medverke også i dei neste fasane.

Målet er å skape eit omsorgssenter som møter behova til framtidige generasjonar, samstundes som det gir gode arbeidsvilkår for dei tilsette og eit trygt og verdig tilbod til dei som treng tenestene. 

Ei mogleg framtidig kommunesamanslåing er også eit tema som blir vurdert i planlegginga. Under folkemøtet peika Acron på at framtidas omsorgssenter må vere robust og fleksibelt nok til å møte endringar i åra som kjem. Sjølv om det ikkje ligg føre avgjerder om kommunesamanslåing, er det viktig å ta høgd for ulike framtidsscenario når ein planlegg eit bygg som skal tene innbyggjarane i mange tiår framover.

Her legg nokre av deltakarane innspel inn i Padlet - Klikk for stort bileteHer legg nokre av deltakarane innspel inn i Padlet Silje S. Mork / Herøy kommune
Folkemøte i Herøy konserthus 8.september 2026 - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Herøy kommune
deltakerar folkemøte - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Herøy kommune

Takk for engasjementet

Herøy kommune vil takke alle som møtte opp og bidrog med innspel på folkemøtet.

Det store engasjementet viser at utviklinga av framtidas omsorgssenter er ei sak som opptek mange. Innspela frå innbyggjarane blir ein viktig del av grunnlaget for dei vala som skal takast vidare i prosjektet.