Storsamling med barnehagetilsette: – Ny fagkompetanse og inspirasjon

Sist veke hadde alle tilsette i barnehagane i Herøy, Sande og Ulstein felles fagdag. Temaet for dagen var alternativ og supplerande kommunikasjon.

to føredragshaldarar framfor ein fullsett sal - Klikk for stort bileteAnne Merete Kleppenes og Anita Sande frå Statped engasjerte ein fullsett kultursal. Elisabeth Warpe

Det var Anne Merethe Kleppenes og Anita Sande frå Statped som hadde det faglege innhaldet. Statped definerer alternativ og supplerande kommunikasjon som det å «kommunisere på andre måtar enn gjennom talespråk».

– Fagdagen gav ny fagkompetanse og inspirasjon til det vidare arbeidet. Årets fagdag følger opp ei tilsvarande samling vi hadde i oktober 2022, seier Elisabeth Warpe, avdelingsleiar for barnehage i Herøy kommune.

Barnehagane har gjort eit stort arbeid om alternativ og supplerande kommunikasjon, i samarbeid med Høgskulen i Volda. Denne satsinga skal halde fram ute i barnehagane.

Alle barn har ein lovfesta rett til alternativ og supplereade kommunikasjon i sitt ordinære barnehagetilbod. 

Denne retten har barnehagane i Herøy også omtalt i den lokale, felles rammeplanen.