Strøing der behovet er størst

For å ivareta både trafikksikkerheit, miljø og økonomi vert det strøing på særleg utsette stader som bratte bakkar, kryss, gangvegar og andre område med auka fare ved glatt føre.

Brøytebil/traktor - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Det vil vere periodar med lokale variasjonar og frost som gjer at det tidvis vil kunne vere glatte gangvegar og køyrebaner.

Målretta strøing reduserer forbruket av sand, gir lågare kostnader og mindre belastning på miljøet. Samtidig oppmodar vi alle til å ta ansvar for eiga tryggleik ved å bruke broddar på glatt føre og sørgje for gode vinterdekk tilpassa føret og køyretøyet.

Saman bidreg vi til trygg og berekraftig ferdsel gjennom vinteren.