Styrk ditt psykologiske immunforsvar med Tankevirus-kurs

Små endringar i måten vi møter tankane våre på, kan ofte gi store endringar i korleis vi har det. Bli med på Tankevirus-kurs i haust, og lær nyttige verktøy for betre meistring, trivsel og psykisk helse!

Forstørrelsesglass Tankekjør - Klikk for stort bilete Copilot/KI

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit prisvinnande kurskonsept basert på kognitiv terapi og metakognitiv terapi. Konseptet vart utvikla av psykolog og forskar Hanne H. Brorson, og er utvikla for førebygging og tidleg hjelp ved lette til moderate psykiske plager. 

Alle menneske opplever negative og lite hjelpsame tankar frå tid til anna. Tankevirus gir ei enkel og lettfatteleg forklaring på korleis slike tankemønster kan påverke humør, sjølvkjensle og handlingar. Gjennom humor gjenkjennelege eksempel lærer du å kjenne att ulike "tankevirus", og kva vi kan gjere for å få det betre.

Målet er å styrkje det psykologiske immunforsvaret og gi verktøy som kan brukast i kvardagen. 

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som:

  • opplever mykje bekymring eller grubling
  • kjenner deg stressa eller uroleg
  • er sjølvkritisk eller stiller høge krav til deg sjølv
  • ønsker å forstå tankane og reaksjonane dine betre
  • vil lære konkrete verktøy for betre psykisk helse og meistring

Du treng ikkje ha ei psykisk liding for å ha nytte av kurset. Tankevirus passar for alle som ønskjer å styrkje den psykiske helsa si og få meir overskot i kvardagen.

Kva får du ut av kurset?

  • Kunnskap om korleis tankar påverkar følelsar og handlingar
  • Verktøy for å handtere bekymringar og sjølvkritikk
  • Auka meistring og sjølvinnsikt
  • Praktiske øvingar du kan ta med deg inn i kvardagen
  • Inspirasjon til å styrke ditt eige psykologiske immunforsvar

Første kursrekke

Veke 35-37
Oppstart fredag 28. august kl. 11.00
Varigheit: ca. 1 time per samling

Kurset er gratis, og går over tre samlingar.

Velkomen!