Nasko
Robert Skeide
Trond Ihle
Privat
Takka vere økonomisk støtte frå Sparebanken Norge, så kan vi igjen arrangere kjekke og sosiale ettermiddagar med musikk, kaffi, kake og godt selskap. Vi er svært takksame for støtta, som gjer det mogleg å skape gode møteplassar for bebuarar, pårørande og lokalsamfunnet.
«T-dans» er eit lågterskeltilbod der musikken står i sentrum, men der samværet og dei gode stundene saman er minst like viktige. Vi ønskjer å skape hyggelege møte mellom bebuarar, familie, vener og andre som har lyst til å ta del i fellesskapet.
Vi inviterer difor pårørande, familie, vener og andre interesserte til å kome innom og vere med på arrangementa.
Fyrste T-dans på Herøy omsorgssenter
Den fyrste T-dansen denne hausten vert arrangert på Herøy omsorgssenter, Grøn avdeling, laurdag
15.august klokka 16.00.
Denne dagen får vi besøk av Nasko, som spelar både trekkspel og piano. Publikum kan sjå fram til eit variert repertoar, både med godt kjende og mindre kjende melodiar.
Dansemusikk på Myrvåg omsorgssenter
Laurdag 22. august klokka 16.00 går turen vidare til Myrvåg omsorgssenter.
Her er det Trond Ihle som skal stå for underhaldninga. Ihle har lang erfaring som musikar og er kjend for å skape god stemning med flott dansemusikk. Har du dansesko, må du gjerne ta dei på og bli med på ein svingom.
Til begge arrangementa vert det servert kaffi og noko godt attåt.
September
Denne månaden byter dei plass. Då er Trond Ihle på Herøy omsorgssenter laurdag 12.september kl 16.00.
Medan Nasko stiller på Myrvåg omsorgssenter laurdag 19.september kl 16.00.
Arbeidsgruppa for kultur, trivsel og helse ønskjer alle hjarteleg velkomne til hyggelege haustdagar med musikk, dans og fellesskap.