Ta kontakt med sentrumskoordinatorane
Er du småprodusent av honning, sjokolade, grønsaker, bakst, kaffe eller andre matvarer? Er du ein kreativ sjel som sel kunst, keramikk, klede – eller noko heilt anna? Eller kanskje du har lyst til å teste korleis produktidéen din blir tatt imot?
Janine Muller
Ta gjerne kontakt med sentrumskoordinatorane våre – vi ser etter små aktørar til pop-up-butikk i Fosnavåg. Vi ønskjer å få inn ulike aktørar til fleire tidspunkt gjennom året i sentrum.
Neste datoar for pop-up er under Fyr-til-Fyr-helga: 21.06.2025 og 30.06.2025.
Send ein e-post til sentrumskoordinatorane via: bygnist@heroy.kommune.no
Oppgi namn, telefonnummer, kva du ønskjer å selje på pop-up, og gjerne 1–2 bilete.
Vi tek kontakt med deg!
Publisert 18.06.2025 11:43
Sist endra 18.06.2025 11:43