Snorre Stener (MD)/ Statens vegvesen
Å gå til butikken, skulen, jobben eller på besøk krev lite planlegging, men gir mykje tilbake. Det styrkjer helsa, reduserer stress, gir meir energi og skapar levande nærmiljø. Når fleire går, blir det tryggare og trivelegare ute i gatene, og vi får mindre støy og utslepp.
Samarbeidet har samla kunnskap og råd som viser kor viktig gåing er for både helse, miljø, mobilitet og trivsel. Dei peikar på at gode nærmiljø, trygge gangvegar og enkel informasjon kan gjere det lettare for fleire å velje beina – både i kvardagen og på fritida.
Vi oppmodar alle innbyggjarar til å ta i bruk dei moglegheitene som finst rett utanfor døra. Ein kort tur kan vere starten på betre helse, meir overskot og eit meir berekraftig lokalsamfunn.