Maria Torvanger Lied / Herøy kommune
Dei har gjort ein flott innsats med å stelle og ordne til i hagen ved omsorgssenteret. Arbeidet dei legg ned, betyr mykje for kvardagen til pasientane.
Ein fin og velstelt hage gir glede til både pasientar, pårørande og tilsette. Det skaper trivsel, gode opplevingar og ein betre stad å vere.
– Vi er svært takksame for det arbeidet dei gjer for pasientane våre, seier personalet på Raud og Grøn avdeling.
No ser alle fram til ein fin sommar med gode stunder ute i hagen.