Brannsjef i Herøy kommune - Frank Steinsvik
Silje S. Mork
Brannen utvikla seg raskt og kravde ein omfattande og koordinert innsats. Det bratte og krevjande terrenget gjorde arbeidet ekstra utfordrande.
Krevjande forhold i bratt terreng
Brannsjef Frank Steinsvik fortel om tøffe forhold under sløkkjearbeidet:
– Det var eit vanskeleg område å arbeide i. Det tok tid å få både mannskap og utstyr fram. Brannvesenet prøvde først med brannpisker, men det vart for varmt og flammane vart for høge. Då dei fekk vatn opp i området, fekk brannvesenet etter kvart kontroll på brannen.
Dagen derpå! Frank Steinsvik oppe for å hente slanger, som låg der natta over i tilfelle det skulle blusse opp. Frank Steinsvik hadde èin tur over fjellet i natt, for å sjekke tilhøva. Alt var godt sløkt!
Lene Utseth
Øving gav effekt
Steinsvik peikar på at jamleg øving har vore viktig for å handtere situasjonen:
– Mannskapa øver kvart år på denne typen oppdrag, mellom anna på å frakte pumper i bratt terreng. Det er fysisk krevjande, men heilt nødvendig.
Ros til mannskap og frivillige
Steinsvik rosar innsatsen frå eigne mannskap:
– Dei gjorde ein svært god jobb og viste stort engasjement. Dei jobba knallhardt under krevjande forhold.
Han ønskjer samstundes å takke dei mange frivillige som bidrog:
– Det er viktig å takke dei sivile som var med og hjelpte til. Om lag 20 personar bidrog i arbeidet.
Takk til alle involverte
Herøy kommune vil òg takke politiet og andre involverte etatar og samarbeidspartnarar for innsatsen. Det gode samspelet mellom naudetatar, frivillige og andre ressursar var avgjerande for å få kontroll på brannen.
– Vi er svært takksame for innsatsen som vart lagt ned av alle involverte. Dette arbeidet har hatt stor betydning for tryggleiken til innbyggjarane våre, seier ordføraren i Herøy.
Slike hendingar viser kor viktig det er med god beredskap, kompetanse og samarbeid. Herøy kommune set stor pris på innsatsen som vart gjort, og takkar alle som bidrog.