Copilot/KI
Kven passar kurset for?
Kurset passar for dei fleste – frå deg som er plaga med lett angst eller depresjon til deg som ønsker å lære meir om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen.
Målet med kurset:
Kunnskap om normalfungering og kor vanleg det er å ha negative tankar.
Kunnskap om det psykologiske immunforsvaret, og om korleis du kan ta vare på det.
Kunnskap om ulike tankevirus, og trening i å identifisere dei hos deg sjølv.
Kurset går over tre torsdagar:
Samling 1: 4.juni
Samling 2: 11.juni
Samling 3: 18.juni
Det er ein stor fordel å delta på alle tre for å få best mogleg utbytte.
Tid: 11:00-12:00
Stad: Svingen, grupperom Fjøre
Vi har framleis ledige plassar, og alle er velkomne. Det er ikkje nødvendig å melde seg på.
Ønsker du å vite meir?
Ta kontakt med Svingen på svingen@heroy.kommune.no eller telefon 90 36 90 31.
