Brannsjef Frank Steinsvik oppmodar alle om å sjekke røykvarslarane.
Lene Utseth
Pixabay
Vi går no inn i den tida av året då risikoen for brann aukar. Mørkare dagar, meir bruk av levande lys, julebelysning, fyring og meir tid innandørs gjer det ekstra viktig å vere bevisst på brannførebygging.
På temakaféen får du råd om korleis du kan ta vare på branntryggleiken heime, og kva enkle tiltak som kan bidra til å førebyggje brann.
Temakaféen er open for alle, og det er gratis å delta. Samtidig får du høve til å treffe andre i kaféen på Svingen.
Velkomen til ein lærerik føremiddag på Svingen!