Adobe Stock
Om testen
Det er politiet som sender ut testen av Nødvarsel på mobil. Samstundes testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Testen skjer om lag kl. 12 i heile landet. Mobiltelefonar vil vibrere og spele av ein høg lyd, og tyfonane vil ule samtidig.
Del gjerne informasjon om testen med familie og venner, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen blir sendt via mobilnettet i heile landet. Nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er kopla til 4G eller 5G i Noreg, kan ta imot varselet.
På nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva for einingar som kan ta imot nødvarsel.
Dersom du ikkje ønskjer å få testen, må du setje telefonen i flymodus eller slå han heilt av i god tid før og etter kl. 12 den 10. juni. Lydlaus, låg lyd og liknande blir overstyrt.
Kvifor testar vi?
Nødvarsel på mobil blir testa for å gjere folk kjende med korleis eit slikt varsel verkar, og for å sikre at systemet fungerer som det skal.
I ein reell situasjon vil eit nødvarsel gi informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å ta vare på deg sjølv.
Tyfonane blir testa for å avdekkje tekniske feil og for å gjere folk kjende med lyden og signalet.
Signala som blir testa heiter «Viktig melding – søk informasjon». Det består av tre seriar med tuting, med eitt minutt pause mellom kvar serie. Høyrer du dette signalet, betyr det at du skal søkje informasjon.
Informasjon om kva som skjer, og kva du skal gjere, blir gitt gjennom fleire kanalar, til dømes radio, TV og nettsidene til styresmaktene.
På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.