Tid for vaksineringHerøy helsestasjon er klar for sesongvaksinering mot influensa, covid-19 og lungebetennelse. Det er sett av tre dagar til massevaksinasjon og vaksinasjonen skjer på Herøy kulturhus.Som tidlegare stiller Herøy sanitetsforening med vakthald, kaffi, kaker og loddsal. Wenche Moltu Her er informasjon om vaksinasjonen: Kan eg bestille tid for vaksinasjon?Du kan ikkje bestille time for vaksinasjon. Møt opp til vaksinasjon på kulturhuset ønska dato.Kva dato er det vaksinasjon?Datoane det er massevaksinasjon er:Måndag 09. novemberTysdag 17. novemberTorsdag 26. november Alle dagane klokka 11:00-17:00.Kven bør ta influensavaksine?Innbyggarar over 65 år og dei som er i risikogrupper, både barn og vaksne. Les meir her om risikogrupper: Influensavaksine – informasjon til befolkningen - FHIKven bør ta vaksine mot covid- ?Innbyggarar over 75 år og dei som er i risikogrupper, både barn og vaksne. Les meir her om risikogrupper: Koronavaksine – informasjon til befolkningen - FHIKven bør ta pneumokokkvaksine?Alle som er 65 år eller eldre og risikogrupper er anbefalt å ta vaksinen. Det året ein fyller 65 år får ein tilbod gjennom voksenvaksinasjonsprogrammet, og i 2026 er vaksinetilbodet rabbatert til dei født i 1960 og 1961. Vaksinen vi tilbyr gir livsvarig beskyttelse. Les meir her: Pneumokokkvaksine – informasjon til befolkningen - FHIKor ofte bør ein ta pneumokokkvaksine?Tidlegare vaksiner mot lungebetennelse hadde ei varigheit på omlag seks år. I Herøy tilbyr vi no Prevenar 20 som gir livsvarig beskyttelse. Kva kostar vaksinen? Vaksiner og prisarType vaksinePrisInfluensavaksine300 kronerKoronavaksine100 kronerPneumokokkvaksine (Livsvarig)900 kronerPneumokokkvaksine (Livsvarig) for dei født i 1960 og 1961 i vaksen-vaksinasjonsprogrammet100 kroner Du betalar med Vipps eller kontant.Er du i tvil om du skal ta vaksine?Dersom du er i tvil om du bør ta vaksine, rådfør deg med fastlegen din.Kva vaksiner har du tatt?Dersom du lurer på kva vaksiner du har tatt og når du tok desse kan du logge inn på Helsenorge og oppdatere deg. Hugs at du betaler med Vipps eller kontant! Publisert 28.10.2026 11:22 Sist endra 28.10.2026 13:48