Ordførar Ann-Kathrin (Tine) StorøyKong Harald hadde ei unik evne til å vere nær folk. Gjennom ord og handling viste han omsorg for landet og menneska som bur her. Han skapte tillit i både gode og krevjande tider, og mange vil minnast han som ein konge som stod støtt i oppdraget sitt gjennom eit langt liv i teneste for Noreg.
For oss i Herøy vil kongebesøket i 2017 stå att som eit særleg minne. Då kongen besøkte Fosnavåg i samband med opninga av bølgjekraftprosjektet til Waves4Power, samla det innbyggjarar i alle aldrar. Dagen vart ei stor oppleving for lokalsamfunnet, og mange hugsar framleis møtet med ein konge som tok seg tid til menneska rundt seg.
Kong Harald vil òg bli hugsa for dei kloke og samlande talane sine. Han hadde ei eiga evne til å setje ord på det mange kjende på, og han møtte folk med både alvor, humør og menneskeleg varme. Det gjorde at mange opplevde han som nær, sjølv om han hadde ei heilt spesiell rolle i landet vårt.
Kong Harald V, 1937–2026
Kongehuset
På vegner av Herøy kommune vil eg uttrykkje djup takksemd for det Kong Harald har betydd for Noreg gjennom generasjonar. Samtidig sender vi våre varmaste tankar og djupaste medkjensle til dronning Sonja og den kongelege familien i denne tunge tida.
Takk for alt du gav til landet vårt, kjære Kong Harald.
Ann-Kathrin (Tine) Storøy
Ordførar i Herøy kommune