Tilsett som leiar for eigedomsavdelinga

Lene Huldal tek til som avdelingsleiar 30. april. Ho kjem frå stillinga som prosjektleiar i anleggs- og driftsavdelinga i Herøy kommune.

portrett av Lene Huldal - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Anleggs- og driftsavdelinga og eigedomsavdelinga høyrer begge til sektor for samfunnsutvikling.

Huldal har bachelorgraden i byggingeniørfag og tilleggsutdanning med masteremne i leiing og samfunnsplanlegging.

Som prosjektleiar har ho hatt ansvaret for mange ulike typar prosjekt i kommunen.

– Eg har hatt gleda av å jobbe 15 år saman med ein kjekk gjeng i anleggs- og driftsavdelinga. Eg ser no fram til nye utfordringar og spennande oppgåver i lag med den fine gjengen i eigedomsavdelinga, seier Huldal.

Ho er fødd og oppvaksen i Fosnavåg, er gift og har to barn på snart 6 og 15 år.

– Fritida går mykje til familien, og eg likar godt ein tur i fjellet, fortel Huldal.

Vi gratulerer så mykje med stillinga som avdelingsleiar!