Treng du hjelp til småjobbar i kvardagen?
Har du oppgåver du ikkje får gjort sjølv – som hagearbeid, enkle vedlikehaldsoppgåver eller andre småjobbar? Då kan Småjobbssentralen vere ei god hjelp.
iStock
Vi inviterer til nytt informasjonsmøte på Svingen, der du får vite meir om kva Småjobbssentralen er, korleis ordninga fungerer, og kva slags oppdrag du kan få hjelp med.
På møtet kan du også få hjelp til å kome i gang og registrere oppdrag.
Tid: onsdag 17.juni kl.14:15
Møtet tek om lag 1 times tid.
Velkomen!
Publisert 09.06.2026 12:57
Sist endra 17.06.2026 23:29