I samband med det vidare planarbeidet har Herøy kommune vedteke å utvide planområdet. Utvidinga omfattar sjøareal og tilgrensande areal nord og vest for eksisterande planområde, mellom anna område som skal nyttast til vurdering av utfylling i sjø og mogleg etablering av djupvasskai.

Revidert plangrense. Den nye grensa er markert med raud farge.
Bakgrunn for utvidinga
Bakgrunnen for utvidinga er eit politisk ønskje om å vurdere moglegheiter for vidare utvikling av Fosnavåg sentrum. Mellom tema som skal vurderast i planarbeidet er utfylling mellom Meny og tidlegare isanlegget, samt etablering av djupvasskai med tilhøyrande infrastruktur.
Utvidinga skal sikre at aktuelle løysingar kan vurderast innanfor ein samla områdeplan for Fosnavåg sentrum.
Planprogram og konsekvensutgreiing
Kommunen har vurdert om utvidinga av planområdet medfører behov for revisjon av det fastsette planprogrammet.
Kommunen legg til grunn at utvidinga ikkje utløyser nye tema for konsekvensutgreiing utover dei tema som allereie er omfatta av gjeldande planprogram. Tema knytt til vassmiljø og naturmangfald i sjø skal framleis konsekvensutgreiast som ein del av planarbeidet. Det vil også bli arbeidd vidare med veg-, gate- og trafikkplanlegging, trafikkanalyse, ROS, grunnforhold og stormflo inkl. bølgjepåverknad. Det vert også laga eit forprosjekt for djupvasskaia og støy frå skip vert utgreia i eigen fagrapport.
Kommunen vurderer at utvidinga av planområdet ikkje endrar hovudformålet med planarbeidet eller dei utgreiingstema som følgjer av fastsett planprogram. Utvidinga inneber derfor ikkje ei så vesentleg endring av planpremissane at det er nødvendig med revisjon av planprogrammet eller ny høyring av planprogrammet.
På dette grunnlaget vurderer kommunen at det ikkje er behov for å revidere eller sende planprogrammet ut på ny høyring.
Merknader
Grunneigarar, naboar, aktuelle organisasjonar og offentlege myndigheiter vert inviterte til å kome med merknader til den utvida planavgrensinga.
Merknader skal sendast til:
Herøy kommune Postboks 274 6099 Fosnavåg
eller innsending digitalt her: https://skjema.heroy.kommune.no/skjema/HER041/Hyringssvar
Til skjema: årstall 2024 – mappenr. 2141 – planident 202406
innan 24.oktober 2026
Merk innspelet: "Utvida planområde – Områderegulering Fosnavåg sentrum"
Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er ute vil kommunen gjennomgå innkomne innspel og arbeide vidare med planforslaget. Fullstendig planforslag med konsekvensutgreiing vil seinare verte lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova.
Lenke til saksmappa: Arkivsak 24/2141