V.O.V.
Kommunestyret fatta følgjande vedtak i møte den, 30. April.2026, ved sluttbehandling av planforslag for ovannemnde plan:
- Kommunestyret vedtek, jf. plan- og bygningslova § 12 -12, detaljreguleringsplan for «Bø-Vikane - gnr 17 bnr 29 og 31», planID 202108.
- Kommunedirektøren skal før kunngjering sørgje for at innhaldet i planen og framstillinga av han blir digitalisert og kvalitetssikra, og at eventuelle mindre suppleringar og justeringar blir gjorde. .
Dette betyr at tiltakshavar kan gå vidare med etablering av planlagde nye naust og rorbuer innanfor denne del av Torvika, i tillegg til planlagde endringar knytt til vegtilkomst frå fylkesveg, etablering av frisiktsone, og vegstenging av nordgåande internveg, i samsvar med arealplankart og føresegnene. Tiltaket vurderast å utgjere ei naturleg utviding av lokal arealbruk, som også stadfestast gjennom plan, og ved tilpassing av bl.a. tilkomst frå fylkesveg sikrast det at denne skjer utan vesentleg negative verknadar for noverande brukarar og tilgrensande område. Ein viss negativ restverknad må truleg forventast for bl.a. landskap og naturmangfald, men denne vurderast å vere liten og avgrensa.
Klage på vedtak
Dei oppdaterte dokumenta kan du finne i kunngjeringsbrev på postlista til Herøy kommune, saman med anna saksdokumentasjon, politiske handsamingar, og korrespondanse, eller på vår planarkivløysing “arealplanar.no”.
Klagefrist for planvedtak er sett til 09.06.2026.
Klager kan sendast inn ved bruk av dette skjema. Merk innsendinga med årstalet 2021 og mappenummer 3126.