Velkomen til ny temakafé på Svingen

Vi ønskjer velkomen til ny temakafé på Svingen, fredag 8.mai kl.11.00.

Helga og Marie - Klikk for stort bileteHelga og Marie Thomas Sporsheim

Denne gongen skal Helga og Marie stå for musikalsk underhaldning med sjølvskrevne låtar. Duoen syng på dialekt og tek opp tema dei fleste kan kjenne seg igjen i. Dei fleste låtane er nye for publikum, men det blir også nokre låtar frå tidlegare utgjevingar.

Temakafeen byr på ei triveleg stund i kafeen, med god stemning, musikk og sosialt fellesskap. Du er velkomen akkurat som du er – anten du kjem åleine eller saman med andre.

Arrangementet har gratis inngong og er ope for alle. Det er mogleg å kjøpe mat i kafeen.

Påmelding

Arrangementet har ikkje forpliktande påmelding, men for at det skal vere lettare for oss å berekne mat og plassar, set vi stor pris på at dei som veit dei vil kome gir oss beskjed på førehand. Det er òg mogleg å kome utan å melde seg på, så langt plassane rekk.

Gje gjerne beskjed seinast dagen før til Elena på telefon 904 72 871.