Adobe Stock
I år er temaet for denne dagen å styrke den psykiske beredsapen vår, auke openheit og redusere stigma.
Mange veit ikkje kven vi er og kvar vi er, derfor opnar vi dørene. Ved Kvalifiseringssenteret er det mange som jobbar og det er mange deltakarar.
Mange av deltakarane treng å snakke norsk, for det er berre i norsk- og introundervisning dei får snakke norsk. Spåkkafé kan vere eit hjelpemiddel for å få til dette. Samstundes vil dei møte nye folk som dei vidare kan seie hei til på butikken, eller slå av ein liten prat når dei møtest i sentrum.
Steikte sveler skal serverast, og vi lager småbord som vi kan sitte rundt å snakke. Alt er gratis, og det skal vere veldig koseleg.
Vi håper mange herøyværingar kjenner at dette er meiningsfullt å bruke to timar på tysdag 13.10. Vi startar klokka 17:00 og held fram til klokka 19:00.
Plakat om dagen finn du her. (JPG, 338 kB)