Svingen
Silje S. Mork / Herøy kommune
Tre dagar i veka tilbyr vi gratis transport til og frå Svingen, slik at det skal vere enkelt å delta. Tysdag, onsdag og torsdag er aktivitør til stades og legg til rette for ei rekkje aktivitetar for dei som ønskjer å vere med.
På Svingen kan du delta i lett trim og sittedans, spele brettspel, vere med på høgtlesing, eller berre nyte det sosiale fellesskapet. Det er også mogleg å kjøpe seg lunsj, middag, kaffi og kaker i kafeen.
For mange er Svingen ein viktig møteplass i kvardagen. Her får ein høve til å treffe andre, skape nye relasjonar og delta i aktivitetar. Det er lov å berre stikke innom også.
Petra er ein av dei som brukar tilbodet jamleg: "Det er kjekt og sosialt å vere her. Eg likar spesielt godt trimmen og sittedansen."
Monica Torvik Stokset
Pål trivst også godt på Svingen, og har ei klar oppmoding til andre: "Kom og prøv det ut! Eg synest fleire burde teste tilbodet."
Monica Torvik Stokset
For å gjere det enklare å delta tilbyr Svingen gratis transport tysdag, onsdag og torsdag. Desse dagane er aktivitør til stades og legg til rette for ulike aktivitetar.
Vi ønskjer at fleire skal få oppleve fellesskapet og aktivitetane vi har å by på. Kanskje er Svingen noko for deg eller nokon du kjenner?
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon om tilbodet.
Velkomen innom Svingen dagaktivitetstilbod!
Svingen
Silje S. Mork / Herøy kommune