Elevar frå VG1 helse- og oppvekstfag ved Herøy vidaregåande skule besøkte rådhuset for å lære meir om kommunen sitt ansvar og moglegheitene innan helse- og oppvekstyrka. På vegne av kommunen tok Ann-Kathrin (Tine) Almestad Storøy, Lene Nupen og Nina Leine imot elevane.
Lene Nupen
Elevane frå to VG1-klasser på helse- og oppvekstfag var på besøk i rådhuset 29.oktober. Målet med besøket var å gi elevane betre innsikt i korleis kommunen er organisert, kva ansvar kommunen har, og korleis dei ulike tenestene heng saman.
Kommunen tok imot elevane ved ordførar Ann-Kathrin (Tine) Almestad Storøy, kommunalsjef for kultur og oppvekst Lene Nupen og spesialkonsulent for tenestekoordinering Nina Leine.
Lærde om kommunen si rolle
Under besøket fekk elevane høyre om skilnaden mellom stat, fylkeskommune og kommune, og kva ansvar som ligg på dei ulike forvaltningsnivåa.
Tema som vart tekne opp var mellom anna ansvar for helse- og omsorgstenester, barnehage, skule og PPT. Elevane fekk også ei innføring i lokaldemokratiet og arbeidet som går føre seg i kommunestyresalen.
Besøket var ein del av faget yrkesliv, der elevane lærer om ulike yrke, utdanningsvegar og regelverk i arbeidslivet.
Lene Nupen
Viktige fag for framtida
Helse- og oppvekstfag gir kompetanse som kommunane har stort behov for, både i dag og i åra som kjem. Derfor er det viktig for kommunen å møte ungdom tidleg og fortelje om moglegheitene som finst for dei innan helse og oppvekst.
Kommunane på Søre Sunnmøre treng fagarbeidarar innan desse to sektorane, og elevane fekk også informasjon om korleis dei kan få læreplass og seinare arbeid i kommunane.
– Vi er glade for å kunne vise fram breidda i dei tenestene kommunen tilbyr og fortelje om dei mange spennande yrkesmoglegheitene som finst, seier ordførar Ann-Kathrin (Tine) Almestad Storøy,
Lene Nupen
Aktuelle lærlingar og framtidige medarbeidarar
Mange av elevane som tek helse- og oppvekstfag i dag, kan bli framtidige lærlingar og medarbeidarar i kommunane på Søre Sunnmøre.
Besøk som dette gir elevane eit innblikk i korleis dei kan bruke utdanninga si i arbeidslivet, samstundes som kommunen får moglegheit til å fortelje om behovet for framtidig arbeidskraft.
Kommunen ønskjer elevane lukke til vidare med utdanninga og håper fleire vil sjå moglegheitene som ligg i ei karriere innan helse- og oppvekstfaga.
Lene Nupen
Lene Nupen