Vidare inn i fase 2

Herøy, Sande og Ulstein har bestemt seg for å gå vidare inn i fase 2 av utgreiingsarbeidet om framtidig kommunestruktur.

Skåratinden. Rovdefjorden - Klikk for stort bileteSkåratinden. Martin Hauge-Nilsen

Kommunane Herøy, Sande og Ulstein har starta ein prosess med utgreiing av framtidig kommunestruktur, der ei moglegheit er samanslåing av kommunane. 

Kommunane har fått utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag frå Telemarksforsking, som kommunestyra har nytta til å gjere vedtak om dei vil gå vidare i prosessen. 

Alle tre kommunestyra har gjort likelydande vedtak, og vil no gå inn i fase 2 i framdriftsplanen. 

I fase 2 vil kommunane jobbe med å formidle hovudfunna frå utgreiingar og høyringar til innbyggjarane i dei tre kommunane og gjennomføre innbyggjarhøyring og opne møte. 

Den tverrkommunale politiske styringsgruppa har fått mandat til å samordne den vidare prosessen i fase 2.    

Vedtak:

1.Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Herøy, Sande og Ulstein til vitande. 

2.Kommunestyret vedtek å gå vidare i prosessen med å vurdere ei mogleg samanslåing av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Innhaldet i neste fase (fase 2) skal vere i samsvar med det som er skissert i saksframlegget. Hovudfokus skal vere: 

  • Medarbeidarmedverknad gjennom medarbeidarhøyring og involvering av tillitsvalde.
  • Koordinerte politiske møte mellom kommunane. 
  • Kommunikasjonsarbeid med formidling av hovudfunn frå utgreiing og høyringar.
  • Innbyggjarmedverknad gjennom strukturert innbyggjarhøyring og opne møte. 
  •  Vurdering av behov for eventuelle tilleggsutgreiingar. 

 

3.Tverrkommunal politisk styringsgruppe får mandat til å samordne prosessen vidare i fase 2 mellom dei tre kommunane. 

4.Kommunestyret sluttar seg til ein tentativ framdriftsplan i fire fasar. Det vil vere politiske avgjerdspunkt ved utgangen av kvar fase, der kommunestyra i dei tre kommunane vedtek om dei vil gå vidare til neste fase. 

  • Fase 1: Utgreiing. Ferdig oktober 2026. 
  • Fase 2: Analyse og medverknad. November 2026 – februar 2027 
  • Fase 3: Forhandling av intensjonsavtale. Mars 2027. 
  • Fase 4: Folkerøysting, innbyggarmedverknad og endeleg politisk handsaming. April – juni 2027.

 

5.Kommunedirektøren får mynde til å iverksette eventuelle tilleggsutgreiingar i samråd med tverrkommunal politisk styringsgruppe.