Vil du bli bibliotekvenn ?

Herøy folkebibliotek ønskjer å etablere foreininga Bibliotekets Venner. No søkjer biblioteket etter engasjerte innbyggjarar som vil vere med og utvikle biblioteket som møteplass for kunnskap, kultur og fellesskap.

Bibliotek hylle  - Klikk for stort bilete i-Stock

Biblioteket er meir enn ein stad for bøker. Det er ein møteplass for menneske i alle aldrar. Gjennom Bibliotekets Venner ønskjer Herøy folkebibliotek å samle frivillige krefter som kan bidra til aktivitetar, arrangement og prosjekt som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Kva er Bibliotekets Venner?

Bibliotekets Venner skal vere ei foreining for alle som er glade i litteratur, kunnskap, kultur og gode møteplassar. Foreininga skal arbeide for å styrkje biblioteket og bidra til at fleire kan ta del i biblioteket sine tilbod.

Eit viktig mål er også å kunne søkje om tilskot og eksterne midlar til prosjekt som gir fleire og betre aktivitetar for innbyggjarane.

Kva kan du bidra med?

Er du  medlem i Bibliotekets Venner kan du vere med på å:

  • skape engasjement rundt biblioteket
  • utvikle nye aktivitetar og tilbod
  • bidra til arrangement for barn, unge, vaksne og eldre
  • styrkje biblioteket som møteplass i lokalsamfunnet
  • vere med og realisere nye prosjekt og idear

Det er ikkje krav om spesielle forkunnskapar. Det viktigaste er at du ønskjer å bidra og har lyst til å vere med og utvikle biblioteket vidare.

No søkjer vi frivillige

For å etablere og drive foreininga treng biblioteket personar som ønskjer å vere med på dugnad. Anten du har mykje eller litt tid til overs, er du velkomen til å melde di interesse.

Ta kontakt

Har du lyst til å vite meir om Bibliotekets Venner? Ta gjerne kontakt med Herøy folkebibliotek for ein uforpliktande prat.

Telefon: 948 89 342

Saman kan vi bidra til eit endå rikare kultur- og aktivitetstilbod i Herøy.

Velkomen som venn av biblioteket!