Vil du lære norsk? No har vi ledige plassar på nye kurs

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar ønskjer å nå fleire innbyggjarar og arbeidsgjevarar i Herøy og Sande. No har vi ledige plassar på nytt norskkurs, og vi vurderer også å starte kveldskurs for dei som ønskjer å ta norskferdigheitene sine vidare.

Lærar som levere ut ark - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Målet er enkelt: Fleire skal få høve til å lære norsk, delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet og bli betre kjend med lokalsamfunnet. 

Norskopplæring for vaksne

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar tilbyr norskopplæring for vaksne som ikkje har norsk som morsmål. Deltakarane våre er mellom anna flyktningar, arbeidsinnvandrarar og personar som er gifte med nordmenn.

Vi tilbyr også opplæring i samfunnskunnskap for personar som har rett og plikt til dette. For mange er bestått prøve i samfunnskunnskap eit viktig steg på vegen mot norsk statsborgarskap.

bøker - Klikk for stort bilete Silje S. Mork
Bøker - Klikk for stort bilete Silje S. Mork
Lærar som deler ut ark i undervisning - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Nytt A1-kurs med ledige plassar

På nyåret startar vi eit nytt norskkurs på A1-nivå. Kurset passar for deg som skal lære norsk frå grunnen av.

Undervisninga er planlagt fire dagar i veka, frå klokka 08.30 til 12.00. Når ein får undervisning fleire dagar etter kvarandre i starten, blir det lettare å utvikle språket raskt og ta det i bruk i kvardagen.

Vi har ledige plassar og oppmodar alle som er interesserte om å ta kontakt så snart som mogleg.

Kjenner du nokon som treng norskopplæring? Tips dei gjerne om tilbodet.

Undervisning ved kvalifiseringssenteret - Klikk for stort bilete Silje S. Mork
ulike land sine flagg - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Vurderer kveldskurs på B1-nivå

Vi vurderer også å starte eit kveldskurs på B1-nivå onsdagar klokka 17.30–20.00.

Dette kurset passar for deg som allereie kan ein del norsk og ønskjer å bli tryggare på å snakke, skrive og forstå språket. For å delta bør du ha bestått A2-prøva eller ha tilsvarande kunnskapar.

Vi har allereie fleire interesserte deltakarar, men treng fleire påmelde for å kunne starte opp kurset.

Undervisning ved kvalifiseringssenteret i Herøy - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

Arbeidsgjevarar kan bidra

Mange lokale bedrifter tilset medarbeidarar frå andre land. God norskopplæring kan gjere det enklare å kommunisere på arbeidsplassen, auke tryggleiken og styrkje den faglege utviklinga til den einskilde tilsette.

Dersom verksemda di har tilsette som ønskjer å lære norsk eller bli betre i norsk, tek vi gjerne ein prat om kva moglegheiter som finst.

Undervisning ved kvalifiseringssenteret - Klikk for stort bileteUndervisning ved kvalifiseringssenteret Silje S. Mork

Eksamen i samfunnskunnskap

Fredag 18. desember klokka 09.00 arrangerer vi eksamen i samfunnskunnskap.

Dersom du har lese samfunnskunnskap som privatist og ønskjer å ta eksamen, er det framleis nokre ledige plassar. Eksamen kan gjennomførast på morsmålet ditt.

Ta kontakt så snart som mogleg dersom du ønskjer å melde deg opp.

Ta kontakt

Ønskjer du meir informasjon om norskkurs, samfunnskunnskap eller eksamen, er du velkomen til å kontakte Kvalifiseringssenteret for innvandrarar. 

Undervisning ved kvalifiseringssenteret - Klikk for stort bilete Silje S. Mork