i-Stock
Kva er hoppid.no Oppstart?
hoppid.no Oppstart er eit program for deg som ønskjer å utvikle ein forretningsidé, eit produkt, ei teneste eller ei verksemd. Gjennom programmet får du fagleg rettleiing, praktiske verktøy og eit nettverk av andre som er i same situasjon.
Målet er at du skal sitje igjen med ein tydeleg plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.
Kven passar programmet for?
Programmet passar for deg som:
- har eit produkt, ei teneste eller ein forretningsidé du vil utvikle
- har ei bedrift du ønsker å vidareutvikle
- er motivert for å lære og villig til å jobbe aktivt med prosjektet ditt
Tilbodet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
Dette får du gjennom programmet
I løpet av oppstartprogrammet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg, basert på S‑E‑A‑M-metoden
- presentere prosjektet for rådgivarar og andre deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå andre i same situasjon
- tilgang til eit nettverk som kan hjelpe deg å nå måla dine
Adobe Stock
Samlingane i programmet
Del 1: Introduksjon til programmet
Samling 1: Innleiing Bli kjend med deltakarane, arbeidsmetoden og verktøya som blir brukte i programmet.
Samling 2: Føremål og ressursar Utforsk kva som motiverer deg, og korleis berekraft kan vere ein del av prosjektet ditt.
Del 2: Utvikling av forretningsideen
Samling 4: Forretningsidé Kva behov skal du dekkje, og kven er kundane dine?
Samling 5 og 6: Forretningsmodell Korleis skal du skape verdi og løyse behova kundane har?
Samling 7: Mål Kva vil du oppnå, og korleis kjem du dit?
Samling 8: Oppgåver Kva konkrete steg må du ta for å nå måla dine?
Samling 9: Prognosar Arbeid med inntening, likviditet, finansiering og formelle krav.
Samling 10: Presentasjon Presenter prosjektet ditt for relevante næringsaktørar i regionen.
Les meir og meld deg på her