iStock
Som tilkallingsvikar kan du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du bidreg til læring, trivsel og utvikling for barn og unge. Du registrerer di interesse gjennom det digitale skjemaet på kommunen si heimeside, og vi tek kontakt når det oppstår behov.
Lenke til søknadsskjema
Kva går jobben ut på?
Som tilkallingsvikar blir du ein viktig del av kvardagen i skulen eller SFO. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå behov, men kan mellom anna vere:
- undervisning og oppfølging av elevar
- støtte og rettleiing i undervisninga
- tilsyn og praktisk hjelp i skulekvardagen
- bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- aktivitetar og oppfølging av elevar i SFO
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som:
- likar å arbeide med barn og unge
- er positiv, engasjert og omsorgsfull
- skaper gode relasjonar til elevar og kollegaer
- samarbeider godt og kommuniserer tydeleg
- er fleksibel og kan stille opp på kort varsel
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel med relevant utdanning eller erfaring, men vi oppmodar også andre interesserte om å søkje.
Det er krav om godkjend politiattest før oppstart.
Kva kan vi tilby?
Hos oss får du:
- ein variert og meiningsfull arbeidsdag
- erfaring frå arbeid i skule og SFO
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- høve til å gjere ein forskjell for barn og unge
- løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Slik melder du di interesse
Ønsker du å vere tilkallingsvikar i skule eller SFO? Registrer deg ved å fylle ut søknadsskjemaet:
Lenke til søknadsskjema
Vi tek kontakt når det oppstår behov.