Vinterferie, vaflar og New Orleans!

Siste helga i vinterferien, på ein vanleg laurdag ettermiddag i byen køyrer Fosnavåg konserthus på med vaflar og jazz-kafe i sentrum! Ein ettermiddagskonsert med småbord i konsertsalen! 

Eirik Tveten (t.v) og Ernst Wiggo Sandbakk. - Klikk for stort bileteEirik Tveten (t.v) og Ernst Wiggo Sandbakk. Privat frå Ernst Wiggo Sandbakk

For dei som vil kjøpe seg vaflar og kaffe attåt musikken, så tek Thon Hotel Fosnavåg seg av det. Dette blir ein triveleg ettermiddag å gå til konserthuset på Fosnavåg kino set til og med opp den nye barnefilmen «Håndbok for superhelter» som startar akkurat samstundes, slik at det er høve til å plassere delar av familien der.

Om konserten

Musikken blir ved SuperCharger Duo som består av Eirik Tveten på piano og ringreven Ernst Wiggo Sandbakk på trommer! Kva skjer når ein godt vaksen trommis finn kjemien med eit ungt stortalent og fyrer av ein energigivande og hardtswingande miks av New Orleans-inspirert boogie woogie, jazz, ragtime og blues? Jo, det slår gneistar - det tek nærast fyr! 

 

SuperCharger Duo spelar dansbar og publikumsvennleg New Orleans-inspirert musikk, boogie woogie m.m. Stortalentet Eirik Tveten (26) fra Tønsberg på piano og den kjende Ernst Wiggo Sandbakk (67) på trommer. Eirik er nyutdanna ved Jazzlinja på NTNU, bur i Trondheim og spelar boogie woogie, rag time, blues og jazz så busta fyk! Den godt vaksne trommeslagaren Ernst Wiggo Sandbakk kjem opprinneleg frå Kjeldebotn og har prega Trondheim sitt musikkliv i snart 47 år, blant anna som studiomusikar (for DumDum Boys, Hans Rotmo, Henning Sommerro og flere jazzutgivelsar), lærar på NTNU Jazzlinja (der duoen møttest) og som sjef for Trondheim Jazzfestival.