Velkomen til ei fin stund på Herøy gard i påska!Dei fyrste vårblomane står i blomst og turvegen og pilegrimsstien ventar på små og store som vil oppleve naturen på nært hald. I postkassa på servicebygget finn du kart til stien og dei sju refleksjonspunkta.Friluftsliv er ei god moglegheit til å vere i aktivitet for menneske i alle aldrar, anten du likar kort vandringar i nærområdet, padlar kajakk, går på topptur eller andre aktivitetar. På Norsk Friluftsliv finn du gode tips til aktivitetar i naturen. Eileen Gjerde På Herøy gard er det godt med parkeringsplassar, eller kanskje vil du legge til med båt? Nytt gjerne benkane på tunet, spelplassen eller finn di eiga vesle vik ved sjøkanten for ein piknik. I servicebygget er HC-toalettet ope for besøkande.Velkomen!Bekkeblom Eileen Gjerde
Velkomen til skipingsmøte for foreininga Herøy gards venner Tysdag 28. januar ønsker vi alle velkomen til formelt skipingsmøte for etablering av Herøy gards venner.
Vil du vere med på jektetur og vandring langs kystpilegrimsleia? Laurdag 5. oktober inviterer vi til dagsvandring langs kystpilegrimsleia på Sunnmøre. Turen går i vakkert kystkulturlandskap, og alle er like velkomne ...
Sommarsesongen er over, men snart kan du vere med på pilegrimsvandring 5. oktober er du velkomen til å vere med på pilegrimstur med vandring i Herøy og Sande.
Verdiseglas 2024 med ungdomar frå Herøy og Giske Laurdag 8. juli kom Verdiseglas 2024 til Møre og Romsdal, og sunnmørsjekta “Anna Olava” fekk æra av å frakte Olavsflammen og verdikista frå Herøy til ...
Herøyspelhelg med morgonbøn, pilegrimsferd og friluftsgudsteneste Søndag 7. juli inviterte kyrkja og Herøy kystmuseum til morgonbøn, pilegrimsferd og friluftsgudsteneste i høve Herøyspelhelga. Turen med jekta frå Sto...
Terje Vigen møtte Herøy kystmuseum Det var stemningsfullt på kystmuseet då Bjørn Holum og Vegard Holum framførte Henrik Ibsen sitt dikt om Terje Vigen jonsokaftan. Opningslinja «Der bod...
Opplev skjergarden ved kystmuseet i kajakk Frå gamalt av kom alle roande og seglande til Herøya, og staden var i fleire hundre år den viktigaste møteplassen i området. No kan du vere med på ein ...