Helsestasjonen har helsesjukepleiar til stade ved alle skular. Du kan ta kontakt med helsesjukepleiaren på din skule om du treng nokon å snakke med.
Kva dagar helsesjukepleiar er tilgjengeleg på den enkelte skule vert normalt publisert med oppslag på skulen og/eller skulen si heimeside. Finn du ikkje denne informasjonen kan du spørje ein lærar, eller ta kontakt med helsestasjonen.
Herøy helsestasjon
Helsestasjonen har kontor på Eggesbønes som er bemanna kvar dag. Dei gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, samt gravide. Tlf: 70 08 14 50. Besøk Helsestasjonsportalen for meir informasjon.
Vidaregåande skular:
På dei vidaregåande skulane er det også helsesjukepleiarar og andre tilsette som er tilgjengelege for samtalar og rådgjeving.
Her finn du oversikt over dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.
Klikk deg inn på din skule, og gå vidare på "For deg som er elev", og så "Elevtenester", så finn du informasjon om tilbodet på din skule.