Bli med på Ti på topp

Samhandlingsmodell

Kommunen har utvikla ein samhandlingmodell for samhandling rundt barn og unge. Modellen er utvikla for å få heilskapleg oversikt over korleis kommunen arbeider for å sikre at vi ser når eit barn eller ein ungdom har det vanskeleg, og at vi er i stand til å gi best mogleg hjelp og støtte, så tidleg som mogleg.

Modellen skal også bidra til å vidareutvikle godt samarbeid og samhandling rundt tenestene for born og unge. Den er bygd opp slik at den vil synleggjere ansvar, rutinar, verktøy og planar på tre ulike organisasjonsnivå i kommunen; individ, teneste og kommune.

Modellen inneheld ein handlingsrettleiar som bygger på den nasjonale satsinga Betre Tverrfagleg Samhandling (BTS).