Gi til tv-aksjonen – sjå innsamla beløp

For tilsette

Som tilsett er du pålagt å handle om du opplever ei uro knytt til eit barn. Det kan vere uro rundt fungering, utvikling, livssituasjon, familieliv, helse eller andre ting som kan påverke barnet eller ungdommen. Det kan også vere uro for eit ufødd barn.

 

BTS - Handlingsrettleiaren skal gi deg informasjon og hjelp til å sikre systematisk oppfølging i situasjonen.

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politiet på telefon 02800, barneverntenesta på telefon 91 57 60 20.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar  gir felles retning for kommunane sitt arbeid mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre. I planen finn du flytskjema for korleis handle om du får mistanke om at barn blir utsett for vald eller overgrep.

 

Samhandlingsmodellen: viser korleis systemet og hjelpeapparatet i Herøy er bygd opp.

Verktøy: her har vi samla ulike verktøy til konkret hjelp i arbeidet.