Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Tiltak

Tiltak

Under finn du ulike tiltak som Herøy kommune har.

Tiltak

Foreldrerettleiingskurs

Circle of Security parenting-COS (tryggleikssirkelen) har som mål å styrke tilknytinga og samspelet mellom barn og foreldre. Tryggleikssirkelen hjelper foreldre til å bli meir bevisst barnets behov og reflektere over eigen omsorgsutøving. Metoden er enkel å forstå og kan lett overførast til daglege situasjonar.

Kurs er under planlegging for foreldre i barnehagen i fyrste omgang. Tilbodet vert formidla i den enkelte barnehage når det er din barnehage sin tur for kurset.

Metoden blir også nytta til individuell rettleiing. Dersom du har behov for råd og rettleiing i korleis meistre rolla som foreldrer kan du ta kontakt med din helsestasjon for å avtale ein time med helsesjukepleiar.

PMTO - rådgjevning

Herøy helsestasjon tilbyr i samarbeid med Ulstein PMTO - Parent Management Training Oregon. Dette er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn i alderen 3-12 år med åtferdsvanskar. På heimesidene til PMTO kan du lese meir om tilbodet. Ein kan søke om PMTO-rådgjevning når føresette strevar med samspelet med barnet sitt.

Ta gjerne kontakt med Herøy helsestasjon for meir informasjon. Tlf: 

Foreldreskule
Opplevingskort
BUA
Kontantkassa