BålbrenningOpen brenning og brenning av avfall er forbode heile året. Open brenning er all brenning som skjer utandørs. Unntak frå forbodet Føljande brenning er likevel lov: Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv. Brenning av reint trevirke, avispapir og liknande i vedomn. Bålbrenning jonsokaftan (søknadsplikt). Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettstad/tettbygd strøk (meldeplikt). Føresetnader: Brenninga skal avsluttast straks dersom den som brenn burde forstå eller blir gjort merksam på at nokon blir sjenert av brenninga. Brenninga skal vera avslutta før det vert mørkt. Den som utfører brenninga er ansvarleg for at det blir utført på ein kontrollert måte, og skal ta førehandsreglar om beredskap dersom ein mistar kontrollen over bålet. Du må ringe servicenummer til 110-sentralen før opptenning, 70 11 99 99, slik at du unngår unødig utrykking. Du står sjølv ansvarlig for at brenninga foregår på en forsvarlig måte i henhald til gjeldanda forskrifter. Helse Utandørs brenning må ikkje medføre fare for helsemessig ulempe, jf. forskrift om miljørettet helsevern § 9. All røyk er giftig, og den som vurderer å brenne utandørs må difor fyrst forsikre seg om at røyken ikkje er til fare eller plage for andre menneske og dyr i omgivnadane. Ein må vere spesielt merksam på dette i bustadområde, samt i nærleiken av barnehagar, skular, sjukeheim og andre institusjonar. Alle bål skal meldast eller søkjast om i eige skjema. Meir informasjon finn du her: Lokal forskrift for kommunen Forureiningsforskrifta Unødig brannutrykking Dersom det vert unødig brannutrykking kan den ansvarlege verte pålagt å betale eit gebyr for utrykkinga. Unødig brannutrykking Gebyrsats Pris Dagtid kr. 5 000,- Kveld/helg kr. 10 000,- Publisert 04.07.2018 14:31 Sist endra 03.06.2023 04:39