Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Sjekkliste for brannvern i heimen

Sjekkliste for brannvern i heimen

Du er sjølv ansvarleg for branntryggleiken der du bur. Med gode rutinar for eigenkontroll kan du gjere mykje for å redusere brannfaren!

 Sjekk kvar dag før du legg deg:

  1. Komfyr, tørketrommel, vaskemaskin og oppvaskmaskin er avslått.
  2. Andre elapparat og belysning som ikkje treng å stå på, er slått av.
  3. Ingen omnar er tildekka.
  4. Alle levande lys er sløkt.
  5. Aske frå grill, eldstad og askebeger er kasta i ubrennbar behaldar ute, og i trygg avstand frå bygningar.
  6. Mobiltelefonar og annan småelektronikk, elsyklar, ståhjulingar og liknande skal ikkje ladast i rom utan røykvarslar, på brennbart underlag og med mykje brennbart materiale i nærleiken.

Sjekk kvar månad:

  1. Røykvarslarane fungerar når du held inne testknappen.

Sjekk kvart kvartal:

  1. Trykkmålar på brannsløkkeapparatet viser grønt.
  2. Pulverapparatet snuast opp ned, slik at pulveret ikkje klumpar seg.
  3. Husbrannslangen er tilkobla og fungerer.
  4. Kjøkkenventilatoren er reingjort for brannfarleg fett.

Sjekk kvart halvår:

  1. Brannøvelse er gjennomført for helie familia.
  2. Det er ikkje svimerker eller sterk varmgang i sikringsskapet.
  3. Vi begrensar bruken av skjøteleidningar.

Sjekk hvert år:

  1. Batteri er byta i røykvarslarane.
  2. Støv er fjerna fra røykvarslarane med en støvsugar.
  3. Brannstigen fungera som den skal.
  4. Jordfeilbrytaren i sikringsskapet er testa.
  5. Det er ikkje funnet svimerker på leidningar, brytarar, kontakter, lamper og anna elektrisk utstyr.

Sjekk kvart femte år:

  1. Godkjent elektrikar gjennomfører ein el-sjekk i bustaden.
  2. Brannsløkkeapparatet kontrolleras hjå ei kompetent verksemd.

Sjekk kvart tiande år:

  1. Røykvarslarane skiftast ut med nye.
  2. Det utførast service på brannsløkkeapparat hjå ei kompetent verksemd.

 

I Herøy kommune har vi ei kompetent verksemd: FOSNOT AS

Fleire kompetetne verksemder finn du her