Kvifor betaler du feie- og tilsynsgebyr?

Kvifor betaler du feie- og tilsynsgebyr?

Alle eigarar av bygg med eldstad og skorstein må betale feie- og tilsynsgebyr.

Ei lovpålagt teneste

Kommunen har ansvar for å sørgje for:

  • feiing
  • tilsyn med fyringsanlegg

Dette er ei viktig førebyggande teneste for å redusere brannrisiko.

Feiing og tilsyn skjer etter behov

Det er ikkje faste intervall.

Kor ofte du får besøk blir vurdert ut frå:

  • bruk av eldstaden
  • sotmengde
  • tilstand og alder
  • risiko for brann

 

Kvifor må du betale – også når du ikkje får besøk?

Gebyret gjeld for den samla tenesta kommunen tilbyr.

Det betyr at du betaler for:

  • planlegging og gjennomføring av tilsyn og feiing
  • oppfølging av avvik
  • rådgiving og informasjon
  • drift av feietenesta (personell, utstyr, system)

Difor kan du få gebyr også i år utan besøk.

Kven må betale?

Du må betale gebyr dersom bygget har:

  • eldstad (omn, peis e.l.)
  • skorstein

Dette gjeld:

  • bustader
  • Også dersom eldstaden ikkje er i bruk, så lenge han er tilkopla skorstein.

 

Korleis blir gebyret fastsett?

Gebyret blir:

  • fastsett av kommunestyret
  • regulert i lokal forskrift

Det er basert på sjølvkostprinsippet: Kommunen skal ikkje tene pengar – berre dekkje kostnadene.

Kan du få fritak?

Du kan søkje om fritak dersom:

  • eldstaden blir kopla frå
  • og skorsteinen blir stengd på forskriftsmessig måte

 

Her kan du søkje om fritak: Skorstein som ikkje er i bruk - Herøy kommune