Bli med på Ti på topp

Unødig brannalarm

Unødig brannalarm

Unødige alarmar svekkjer beredskapen og respekten for brannalarmen. Herøy brann og redning oppmodar alle med automatiske brannalarmanlegg om å gjere tiltak for å unngå unødige alarmar.  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Kva er ein unødig alarm?  

Ein unødig alarm er ein automatisk alarm som er utløyst utan at det er ein reell brann under utvikling.  

Kvifor vil vi unngå unødige alarmar? 

  • Unødige alarmar fører til redusert brannberedskap. Verdifull tid går tapt om brannvesenet må rykke ut til ein stad der det ikkje brenn samtidig som ei reell hending oppstår ein anna stad. 

  • Unødige alarmar bidreg til at folk ikkje respekterer brannalarmen. Gjentekne falske alarmar får mange til å vente med å forlate bygget til dei ser kva andre gjer.  Dette forseinkar evakueringa og kan i verste fall utgjere ein fare for liv og helse. 

  • Unødige alarmar kan gje bedrifter stopp i produksjonen, tapte inntekter og forstyrre arbeidet. I barnehagar, skular og behandlingsinstitusjonar kan unødige alarmar gjere borna, elevane, pasientane og bebuarane usikre. 

Kvifor oppstår unødige alarmar?  

Det er mange grunnar til at brannalarmanlegg vert utløyste automatisk utan at det er reell fare for brann. Brukarfeil, feildimensjonering og tekniske feil er dei vanlegaste årsakene. Det dreier seg gjerne om  

  • os frå komfyr/steikeomn

  • damp frå dusj og liknande 

  • bygningsarbeid / varmt arbeid som utviklar røyk eller damp 

  • reinhald eller bygningsarbeid som virvlar opp støv, f.eks. feiemaskin 

  • arbeid på alarmanlegg utan at alarmsoner er kopla ut og/eller utan at 110-sentralen er varsla på førehand 

  • manuelle meldarar som er utløyste utan at det brenn 

  • bruk av røykmaskin ved arrangement 

  • kjemi- eller fysikkforsøk som utviklar røyk eller damp 

  • feilplasserte detektorar eller val av feil detektortypar 

  • teknisk svikt i brannalarmanlegget 

Kva bør de gjere? 

Eit godt, systematisk brannvernarbeid vil redusere risikoen for både brann og unødige alarmar. Her står krava i internkontrollforskrifta og forskrifta om brannførebygging sentralt.  

  • Dette er nokre av dei viktigaste tiltaka ein bør sette i verk: Kartlegg risikoen ved å vurdere kva som kan utløyse unødige alarmar hjå dykk. Følg opp med tiltak for å hindre at det skjer.  

  • Syt for jamleg ettersyn og vedlikehald på alarmanlegg og detektorar. Inngå ein avtale med eit autorisert firma om kontroll og service minimum ein gong årleg. Følg opp eventuelle avvik straks. 

  • Skift ut detektorar som løyser seg ut for lett med betre detektortypar. Vurder å flytte av detektorar frå spesielt utsette område eller gjer detektoren mindre følsam (innanfor lovlege krav). Dette må utførast av kyndig personell.  

  • Syt for god opplæring av nøkkelpersonell hjå brukarane av bygget. Forklar korleis brannalarmanlegget fungerer, kva rutinar som gjeld for å unngå unødig alarm, og kva ein skal gjere om alarmen likevel går unødig. 

  • Pass på at personell som driv med vedlikehald, arbeid i bygg, reingjering og liknande også får god opplæring. 

  • Lag rutinar for å følgje opp unødige alarmar. Syt for at hendingar blir registrerte i internkontrollsystem til verksemda. Følg opp med tiltak for å unngå tilsvarande hendingar. 

  • Pass på at de har gode rutinar for å kople ut alarmanlegget, soner eller einskilddetektorar ved arbeid i bygget, bruk av røykmaskin og andre aktivitetar som medfører røyk, damp eller støv.  

  • Etabler rutinar for å melde frå til 110-sentralen på førehand på tlf. 70 11 99 99 dersom det skal utførast arbeid på alarmanlegget, øvingar eller liknande.