Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Bruksendring

Bruksendring

Dersom du ønskjer å endre bruk av eit rom i huset frå tillat bruk til anna bruk kan det krevje bruksendring.

Du må for eksempel søkje bruksendring om du:

  • endrar eit rom frå tilleggsdel (for eksempel bod) til hovuddel (for eksempel stue) eller omvendt (mindre endring)
  • gjere endringar i bustaden din slik at det blir to nye separate bueiningar (større tiltak)
  • ønskjer å bruke deler av bustaden din til noko anna
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Informasjon om bruksendring finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Kven kan få tenesta?  

Som eigar  kan du søkje bruksendring.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden vert handsama innanfor gjeldande lovverk utan ugrunna opphald.

Kva kostar det?

Betalingssatsane finn du her. (PDF, 71 kB)

Korleis søkjer du?

Du kan søkje om bruksendring elektronisk i byggsøk.  Husk at du i søknaden skildrar klart kva romfunksjonar det har vore og kva romfunksjon det skal ha etter endring.

Når du søkjer er det viktig at du legg ved:

  • teikninga i mål 1:100 der det kjem klart fram kva for ein del av eigedomen saka gjeld
  • nabovarsel dersom endringane fører til fasadeendring som for eksempel nye vinduer/ytterdørar. Nabovarsel bestiller du her.

Skjema for utskrift.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenke

Plan og byggningslova