Du kan søkje om dispensasjon frå
- Avstandskravet til nabogrense
- Kan ha med dispensasjon frå avstand til veg (fylkesveg 50 m og kommunalveg 15 m) (PDF, 39 kB)
- Gesims- og mønehøgde
- Avstand til sjø og vassdrag (strandsona på 100 meter)
- Krav om reguleringsplan
- Arealplan og reguleringsplan (vedtekter, byggegrense, grad av utnytting på tomta, fomål i plan, grenser for høgde
- Andre reglar i plan- og bygningslova
- Teknisk forskrift
- Anna
Om du er usikker på om du må søkje dispensasjon, ta kontakt med kommunen.
Informasjon om din eigedom finn du i kartet og du kan også sjekke kva reguleringsplanen sei her.
Kven kan søkje?
Er du eigar av ein eigedom og vil bygge noko kan du levere søknad om dispensasjon.
Kva kan du forvente?
Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lover og reglar utan utan usakeleg forskjellsbehandling.
Det er viktig å vite at dispensasjon er eit unnatak. Det er strenge vilkår for at ein kan gi dispensasjon. For det fyrste kan ein ikkje gi dispensasjon dersom omsynet bak regelen det dispenserast frå, eller lovens formålsregel, vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må det vere klart større fordelar enn ulemper ved ein dispensasjon. Er desse to vilkåra innfridd kan kommunen velje å gi dispensasjon.
Kva kostar det?
Betalingssatsane finn du her. (PDF, 71 kB)
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Dersom du kan søkje sjølv, men må søkje dispensasjon vil det kunne gjerast i skjema du nytter for å søkje.. Søkjer du dispensasjon frå avstandskrava til veg kan dette skjemaet nyttast. (PDF, 39 kB)
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd innan for gjeldande lovverk.
Nyttige lenke
Plan og bygningslova