Bli med på Ti på topp

Kva kan eg søkje om sjølv?

Kva kan eg søkje om sjølv?

Nokre tiltak kan huseigar sjølv stå ansvarlig for, og kan da nytte søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Dette gjelder følgande tiltak:

  •  Enkelt tilbygg opp til 50 m² bruttoareal (BRA) og- eller bebygt areal (BYA)
  •  Ein enkel frittliggjande bygning med ei etasje, men den kan vere underbyg med kjellar. Samla areal kan ikkje vere større en 70 m² bruttoareal (BRA) og- eller bebyg areal.
  •  Bruksendring frå tilleggsdel (td. bod) til hovuddel (td. soverom) eller omvendt innanfor ei brukseining.
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m² montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil
    1,5 m montert frittståande på terreng. Her må personsikkerheit, traffikksikkerheit ol. vurderast i kvart tilfelle, så det anbefalt å ta kontakt med kommune før slike tiltak.
  • Alminnelege driftsbygningar i landbruket, ta kontakt med kommune for meir informasjon.

Dersom ditt tiltak ikkje er i lista, anbefaler vi at du tek kontakt med kommune for avklaring.

Huseigar pliktar seg til å sette seg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på.

Kva kostar det?


Alle betalingssatsar for byggesak finn du her. (PDF, 71 kB)

Korleis søkjer du?

Du søkjer elektronisk her.

Når du søkjer er det viktig at du legg ved:
•    Målsette teikningar i mål 1:100 der det kjem klart fram kva for ein del av eigedomen saka gjeld
•    Målsett kart som viser plassering av tiltaket
•    Nabovarsel Vedlegg kan du bestille her.  Skjema for utskrift.

Dersom tiltaket kjem mindre enn 4 meter frå nabogrense skal nabo fylle

 
 

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så fort som råd og du får svar innan 3 veker.

Nyttig lenke

Byggesaksføreskrifta (SAK 10)

Plan- og bygningslova (PBL)