Ved godkjenning vert det oppretta ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.
Dersom du ønskjer oppmålingsforretning i samband med vedtaket, må du og sende inn skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Slik søkjer du
Prosessen består av to steg:
1. Søknad om frådeling
Send inn digitalt søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett (Anbefalt).
Du kan også nytte skjemaet 5153N – Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett
Følgjande dokument skal leggjast ved:
- Nabovarsel
- Situasjonskart frå Sunnmorskart eller du kan bestille den frå e-torg
- Eventuelle andre vedlegg som er nødvendig for handsaming av søknaden for eksempel rekvisisjon av oppmåling.
På situasjonskartet skal du teikne inn den nye tomta i målestokk 1:500 eller 1:1000. Dersom du søkjer om fleire parsellar samstundes, må desse merkjast tydeleg som parsell 1, parsell 2 osv.
Før du sender søknaden, bør du kontrollere at tomta er i samsvar med gjeldande kommuneplan eller reguleringsplan.
Dersom søknaden om frådeling ikkje er i samsvar med planen, må du søke om dispensasjon.
2. Oppmålingsforretning
Når frådelinga er godkjend etter plan og bygningslova, kan kommunen gjennomføre oppmålingsforretning. Då vert grensepunkta merkte, nye grenser registrerte i matrikkelen, og nytt bruksnummer vert tinglyst.
Grunneigar, eller person med fullmakt, er ansvarleg for å sende inn Rekvisisjon for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova (PDF) . Skjema for oppmålingsforretning kan du sende inn saman med søknaden om frådeling dersom du ikkje ønsker å utsette frist for oppmåling av tomt. Hugs at du har ein frist på tre år for å levere rekvisisjon om oppmåling. Fristen går frå vedtak om frådeling er gjort.
Kven kan søkje om frådeling og matrikulering?
- Heimelshavar
- Andre med fullmakt
Dersom eigaren er eit firma, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning, jf. matrikkellova § 9.
Vilkår
Både ny og eksisterande eigedom må ha lovleg tilgang til veg, vatn og avlaup.
Saksgang
Før søknaden vert sendt til kommunen, skal naboar og andre partar varslast.
Eventuelle merknader må vere mottekne innan to veker etter utsending av nabovarselet. Søknaden skal innehalde innkomne merknader og tiltakshavar si vurdering av desse.
Sjå også informasjon hos Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).
Dersom du nyttar manuelle skjema kan du sende dei til kommune.
Når kommunen har motteke søknaden med vedlegg, vert søknaden kontrollert. Dersom det manglar opplysningar, får du beskjed om dette. Kommunen innhentar nødvendige uttalar frå andre styresmakter ved behov.
Vedtak etter plan- og bygningslova
Vedtak vert gjort etter plan- og bygningslova.
Dersom frådelinga gjeld ein landbrukseigedom, skal saka også handsamast etter jordlova.
Sakshandsamingstid
- Frådeling: 3, 12 eller 16 veker frå søknaden er komplett.
- Oppmålingsforretning: inntil 16 veker frå frådelingsvedtaket.
Kva kostar det?
Prisane finn du her.