Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Retting av feil i matrikkelen

Retting av feil i matrikkelen

Grunneigar av eigedom kan krevje å få retta, endra eller tilførd opplysningar i matrikkelen, viss opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registrering er falt bort.

Ved retting, endring eller tilbøyeleg av opplysningar i matrikkel, må kommunen rette seg etter reglane i matrikkellova§ 26 og matrikkelforskrifta § 10.

Korleis får eg endre opplysningar i Matrikkelen?

Grunneigar skal nytte eige skjema: «Krav om retting av feil og mangler i matrikkelen»

Grunneigar må legge ved:

  • Samtykke frå alle partar.
  • Situasjonsplan med rettingar 
  • Dokumentasjon for eigedom, for eksempel, målebrev, jordskiftekart eller liknande offentlege dokumenter

 

Skylddelingsforretning er ikkje nok dokumentasjon på denne sakstype, om du berre har skylddelingsforretning og ingen anna dokumentasjon, vil kommunen anbefale klarlegging av eksisterande grense.

Om grunneigar har skylddelingsforretning, med dokumentasjon som er signert frå landmålar, så kan du sende inn krav om retting av matrikkel.

Kravet med vedlegg kan sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via post til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller levere på Servicetorget på Rådhuset.

Saksgang:

  • Kommune skal vurdere om det gjeld ein feil og om kravet er tilstrekkeleg dokumentert. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar saka omhandlar, og korleis opplysningane opphavleg er hente inn.
  • Sakshandsamar sender ut underretning til alle partane med uttalefrist på minimum 3 veke.
  • Etter dette vert matrikkelen retta (offisielt register for eigedom).
  • Alle som kan legge ved dokumentasjon på at rettinga kan vere feil, kan klage på matrikkelføringa.
  • Retting, endring eller opplysningar i matrikkel blir ikkje tinglyst i grunnboka.
  • Sakshandsamar sender nytt matrikkelbrev med all nødvendig dokumentasjon til rekvirent og partane.

Saksbehandlingstid er inntil 6 veker. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kan eg klage?

I forhold til matrikkellov § 46h, avslag på kravet om retting, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottek avslaget.

Du kan også klage når du er ueinig i kommunens vedtak ved retting, endring eller føring av opplysningar i matrikkel.

Klaga skal vere skriftleg, vere grunngjeven og innehalde naudsynt dokumentasjon, jf. Forvaltningslova §32.

Klaga sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via posten til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller til Utviklingsavdelinga i Herøy Kommune.

Klage som ikkje vert tatt til følgje vert sendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg klagehandsaming.

Lovhenvisning :

Matrikkellov §26

Matrikkelforskriften §10

Kontakt

Agnieszka Dvilevic
landmålar
E-post
Mobil 90 55 37 50
Martin Hauge-Nilsen
geodataingeniør
E-post
Mobil 94 80 46 52