Bli med på Ti på topp

Informasjon om jodtablettar

Informasjon om jodtablettar

Kriseutvalget for atomberedskap anbefalar at alle kommuner har jodtablettar tilgjengelege for sine innbyggarar i den mest sårbare målgruppa (barn, unge under 18 år, gravide og ammande). Herøy kommune har teke høgde for dette og har prosedyrer for oppbevaring, distribusjon med meir. dersom vi skulle bli råka av ei slik hending,  og vi har nok jodtablettar til alle born, unge og gravide som måtte bu eller opphalde seg i Herøy kommune.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Dersom det skulle skje eit utslepp av radiokativt jod i vår kommune, vil alle innbyggjarar i Herøy kommune få varsel om dette, og vi vil då dele ut jodtablettar til den mest sårbare målgruppa. Vi deler ikkje ut tablettar utan at det har skjedd ei atomhending der ein treng jodtablettar. Dersom nokon ynskjer å ha tablettar liggande i heimen sin, kan ein kjøpe dette på apoteket.

Kvifor skal borna ta jodtablettar

Jod er naudsynt for stoffskiftet i kroppen, og blir tatt opp i skjoldbruskkjertelen. Radioaktivt jod kan frigjerast ved eit atomuhell og transporterast med luftmassar. Dersom ein pustar inn radioaktivt jod, vil det kunne takast opp i skjoldbruskkjertelen, på same måte som jod frå kosten. Erfaring frå Tsjernobyl­ulukka har vist at det kan føre til ei auke i kreft i skjoldbruskkjertelen hos barn og unge. Slik kreft er i utgangspunktet sjeldan hos barn, og dei fleste vil ikkje bli sjuke. Ved å «mette» skjoldbruskkjertelen med normalt jod like før eksponering blir den radioaktive joden ikkje teken opp, og med det vernar tiltaket mot seinare kreftutvikling. Inntak av jod har bare effekt innanfor eit lite tids­vindauge i samband med eit utslepp. Tek ein det for tidleg eller for seint, har det ingen effekt. Det har heller ikkje effekt hos vaksne, ettersom dei tek opp lite jod uansett. Jod har ingen effekt mot andre typar radioaktive stoffer.

Verdas helseorganisasjon WHO tilrår jod til barn og unge under 18 år, og til gravide og ammande (av omsyn til barnet) når det ligg føre radioaktivt jod i omgjevnadene over eit visst nivå.

Om tablettane

Jodtablettar er i seg sjølv ufarlege. Allergiske reaksjonar eller lett påverknad på stoffskiftet kan førekomme, men risikoen for biverknader er låg. Personar som har sjukdom i skjoldbrukskjertelen, samt visse sjeldne lidingar (dermatitis herpetiformis og hypokomplementemisk urtikariell vaskulitt) skal ikkje ta jod. Slike sjukdommar er sjeldne hos vaksne, og nesten aldri hos barn.

Både kalium og jod er grunnstoff, og blir ikkje brote ned eller øydelagd om tabletten er gått ut på dato, men sjølve tabletten kan løyse seg litt opp, utan at det går ut over verknaden. Helsedirektoratet og Statens strålevern si haldning er at sjølv om risikoen for å få kreft er liten, så kan inntak av jod ved eit radioaktivt utslepp hindre at nokre barn utviklar kreft i skjoldbruskkjertelen seinare i livet.

Brukarrettleiing:

Jodtabletten kan tyggjast eller svelgjast heil. Den kan også løysast i vatn, saft, syltetøy, morsmjølk eller liknande. Tablettane kan delast ved behov.