MiljøarbeidMeininga med miljøarbeid (praktisk bistand opplæring daglege gjeremål) er å gjere deg mest mogleg sjølvstendig i det daglege.Kven kan søkje?Ordninga er meint for deg som ønskjer å ta deg av husarbeidet sjølv, men treng rettleiing og bistand for å greie det. Det kan til dømes vere reinhald, klevask og handling.Dersom du ikkje greier ta del i husarbeidet sjølv, må du heller søkje om heimehjelp.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Korleis søkjer du?Du søkjer i dette søknadsskjemaet.Når kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker. Publisert 20.08.2018 21:57 Sist endra 13.05.2025 10:27