Miljøarbeid

Miljøarbeid

Meininga med miljøarbeid (praktisk bistand opplæring daglege gjeremål) er å gjere deg mest mogleg sjølvstendig i det daglege.

Kven kan søkje?

Ordninga er meint for deg som ønskjer å ta deg av husarbeidet sjølv, men treng rettleiing og bistand for å greie det. Det kan til dømes vere reinhald, klevask og handling.

Dersom du ikkje greier ta del i husarbeidet sjølv, må du heller søkje om heimehjelp.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Kamilla D. Vike
ergoterapeut
Rita Paula Remøy
fagleiar heimetenesta / dagtilbod buhab
Telefon 70 08 46 66