Kva er Kontaktkassa?
Herøy kommune er med i ei tilskotsordning kalla Kontantkassa som skal bidra til at fleire barn og unge har råd til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Tiltaket er støtta med midlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Møre og Romsdal idrettskrets.
Kven kan få støtte?
Kontantkassa er til for barn og unge i alderen 6–18 år som ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitet av økonomiske grunnar.
Kva kan ein få støtte til?
Støtte frå Kontantkassa kan dekke både kontingentar, aktivitetar, utstyr, deltaking i turneringar, konkurransar og turar i forbindelse med fritidsaktivitetar.
Ein kan søke om støtte til organiserte aktivitetar i regi av lag- og organisasjonar. Merk at tilskotet ikkje kan nyttast til finansiering av elevavgift ved Kulturskulen.
Kor mykje kan ein få i støtte?
Frå Kontantkassa kan ein få inntil 2400 kroner i tilskot per person per kalenderår.
Kven kan søke på vegne av barnet/ungdommen?
Det er laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret etc.) som kan sende søknaden til kommunen, etter å ha vurdert behovet for søknad.
Ressurspersonar som arbeider med barn, unge og familiar i Herøy, kan også søke. Eksempelvis helsesjukepleiar, miljøarbeidar, barnehagestyrar, rektor, eller andre funksjonar som er i kontakt med barnet/familien.
Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.
Den som søker må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. Merk at kontantkassa skal vere eit lågterskeltilbod, og erstattar ikkje NAV sine tenester. Det er ønskeleg at to personar går god for søknaden.
Slik søker du
Fyll ut dette søknadsskjemaet.
Hugs å legge ved eventuelle fakturaer, kvitteringar eller liknande. Det kan søkast om midlar på førehand, i slike tilfelle må dokumentasjon ettersendast.
Andre støtteordningar
Det finnast også ei anna støtteordning, opplevingskort, som privatpersonar kan søke på.